VINNARANE I 2021

Totalt var det 875 deltakarar i løpet av dei tre konkurransedagane, noko som er nesten full kapasitet med dei aktuelle retningslinene for arrangement under pandemien. Deltakarane drog opp 595 stk Jølstraaure – omlag 137 kilo totalt.

Her er oversikta over vinnarane – Jølster Aurefest 2021:

  • Vinnar av hovudkonkurransen 2021, kr 100 000: Johannes Solvi frå Hafslo vann hovedpremien på kr 100 000, med sin fisk på 357 gram var han eitt gram over den trekte vekta på 356 gram.

Johannes Solvi. Foto: Privat

– Tyngste fisk laurdag, kr 10 000 + solbriller frå Tonic Eyewear:
Gunnar Hylderås, med ein fisk på 668 gram.

– Tyngste fredag, kr 10 000:
Håkon Lilleskog, med ein fisk på 672 gram.

– Tyngste torsdag, kr 10 000:
Frank Arne Rogne, med ein fisk på 694 gram. Dette var også den tyngste fisken under årets Aurefest.

– Idealvekt torsdag kr 20 000:
Roger Hollevik, med sin fisk på 484 gram som var nærast den trekte vekta på 495 gram.

Idealvekt fredag, kr 20 000:
Paula Blix, som traff blink med sin fisk på 251 gram!

Lagkonkurransen, heder, ære og festivalpass til neste års Aurefest: Abborfiskerne frå Hokksund. Største totalvekt på inntil 5 innvegde fisk. Laget vann med totalvekt på 2467 gram!

Tyngste fisk i bedriftsklassen laurdag, og vinnar av vandrepremien for eit år: Stein Åge Sunde, 501 gram. Han fiska for Jostein Sunde AS.

Vinnar av «Årets Gladaure», kr 10 000 + solbriller frå Tonic Eyewear: Marthon Tjessem. Trekningspremie mellom alle deltakarar.

Vinnar av «Årets Yngel», kr 1000 + snelle: Emma Førde. Utrekningspremie mellom deltakarar under 18 år.

Vinnar ar «Årets napp»: Siv Mari Sunde. Trekningspremie mellom alle som IKKJE fekk fisk. Premien er ei gratis helg i demohytta til Jølster Bygg i Bjørkelia + dame- og herretruse.

Tre glade vinnarar på Jølster Panorama. F.v Håkon Lilleskog (tyngste fisk fredag), Roger Hollevik (idealvekt torsdag) og Paula Blix (idealvekt fredag).