Konkurransereglar 2024

Fiskemetode

Torsdag og fredag:
Kl 09:00 – 19:30
Fritt stangfiske, med ei stang og eit agn, i heile Jølster (innanfor kommunegrensene til gamle Jølster kommune), i alle elvar, vatn, fjellvatn osb. i Jølster. Også tillete å bruke båt desse to dagane. Dorging er tillete. Otring er ikkje tillete.

Laurdag – hovudkonkurransen:
Kl 11:00 – 14:00

Stangfiske frå land med ei stang og eit agn. Med agn meinast sluk, makk, flue osb. Deltakaren kan byte stang, ev. agn, i løpet av konkurransen. Kun fiske frå land, ikkje frå båt. I denne konkurransen er kun tillete med fiske i Jølstravatnet.

Hugs å opptre omsynsfullt i høve grunneigarar og konkurrentar.

Oppdatert program finn du her. 

Konkurransar

Idealvekt – kom nærast mogleg vekta vi trekker på lukkehjulet:
Deltakarane konkurrerer om å komme nærast mogleg vekta vi trekker på lukkehjulet, som ligg mellom 100 – 699 gram på ein fisk. Dersom to, eller fleire, er like nær vert det trekt kven som er vinnaren. (Dette betyr at den vekta det er om å gjere å komme nærast ligg mellom 100 og 699 gram). Men hugs at om du får ein fisk som veg under, eller over, denne vektsona kan du framleis komme nærast. Døme: Dersom vekta vi trekkjer, som det er om å gjere å komme nærmast, er akkurat 100 gram, og du får ein fisk på 98 gram vil jo vinnarsjansen din vere bra! Dagens idealvekt vert trekt ved starten av trekninga den aktuelle dagen. 

Dagens trekning av idealvekt er etter at dagens innveging er ferdig. 

Lagkonkurranse:
Inntil 5 deltakarar på kvart lag, som må vere deltakarar i den ordinære konkurransen den dagen, eller ha festivalpass. Konkurrerast om største totale vekt på inntil 5 fiskar frå kvart lag, kvar dag. I tillegg konkurrerer alle laga om «Årets stim» som er laget med høgst innvegd dagsvekt under heile festivalen. «Årets stim» vert kåra laurdag 8. juni. Påmelding til lagkonkurranse er eit tilleggsvalg i den ordinære påmeldinga.

Tyngste fisk:
Den tyngste fisken innvegd den dagen vinner dagens tyngste fisk. Laurdag heiter denne premien “Årets rugg”.

Beste bedrift:
Vi ynskjer å kåre beste «fiskebedrift» i hovedkonkurransen på laurdag. Deltakarar som er påmeldt via ei bedrift deltek i den ordinære konkurransen, men i tillegg vil vi heidre den bedrifta som som har den tilsette som har levert den tyngste fisken.

Premien er ein «vandrefisk», som må vinnast tre gonger av ei bedrift for å få den til odel og eige. Vandrefisken er ein kopi av største fisken fanga i Jølstravatnet som vi veit om. Den vart teken på garn av Anders Ripe, 10. oktober 1973. Vekt: 15,5 kg. Kopien er laga av Vidar Djupvik i Vestnorsk Trofe-Montasje.

Trekningspremiar
Laurdag har vi tre trekningspremiar, der vi tilfeldig trekker ein vinnar blant ulike kategoriar. 

“Årets napp”: Trekkast blant deltakarar som ikkje har fått fisk under konkurransen. Ein kan vere heldig sjølv om ein ikkje har fått fisk.

“Årets yngling”: Trekkast blant alle deltakarar under 18 år. I år trekker vi 10 vinnarar i denne kategorien.

“Årets gla’aure”: Trekkast blant alle deltakarar på heile Jølster Aurefest. 

Oppdatert premieliste finn du her.

Deltaking

Påmelding:
Påmelding til fiskekonkurransane finner du her. I tillegg til å bestille på nett kan du melde deg på i sekretariatet. Når du melder deg på godtek du også at vi kan få legge namnet ditt og heimkommune ut på nettsida vår, under “Sjå dei påmelde”.

Billettar og innsjekking:
Alle må sjekke inn via SMS eller i sekretariatet før konkurransen. Du kan få nokon andre til å sjekke deg inn. Billett må vere kjøpt og du må vere innsjekka før du byrjar fiske. Påmeldinga er registret på namnet ditt. Billetten er gyldig som fiskekort i konkurransetidspunktet den aktuelle dagen.

Opningstider – sekretariat:
Stad: Thon Partner Hotel Jølster (Skei) og Jølvassbu Camping (Vassenden) 

Onsdag 5. juni : 18:00 – 21:00 (Vassenden)
Torsdag 6. juni / Fredag 7. juni : 08:00 – 20:00 (Skei og Vassenden)
Laurdag 8. juni: 09:00 – 12:00 (Vassenden) / 09:00 -15:00 (Skei) 

Innveging:
Innveging av inntil 3 fisk, der den tyngste også deltek i kampen om premien for tyngste fisk.
Fiskane skal leverast personleg av fiskaren i innveginga for konkurransen.

Opningstider for innveging
Torsdag 6. juni / Fredag 7. juni : 12:00 – 13:00, 15:00 – 16:00, 18:00 – 20:00 på Thon Partner Hotel Jølster (Skei) og Jølvassbu Camping (Vassenden). Siste frist for innveging kl 20:00.

Laurdag 8. juni 13:00 – 15:00, kun på Thon Partner Hotel Jølster (Skei)
Siste frist for innveging kl 15:00.

Deltakarar under 18 år
Vi ynskjer barn og unge velkomne til å delta i konkurransen. Barn og unge kan delta i alle konkurransane på linje med andre. Påmeldingsavgifta er derfor same for barn og vaksne. Det blir i tillegg trekt eigne premiar for deltakarar som er under 18 år – “Årets yngling”

Forbehold
Jølster Aurefest tek forbehold om avlysing av arrangement og/eller endring av program, reglar, premiar og antal deltakarar.

Jury
Jury for konkurransen blir oppnemnd før arrangementet. Juryen sine avgjerder er endelege og kan ikkje påklagast.

Personvern
Sjå vår personvernerklæring.

Hovudsponsorar

 

Sponsorar