Nytt digitalt fiskekart!

Nytt digitalt fiskekart for Jølster med ca 80 av dei beste fiskeplassane avmerka!
Sjå menyknappen «Fiskekart» her på nettsida.
Jølster Aurefest lanserer samtidig med avlysinga eit nytt digitalt fiskekart for Jølster, og ynskjer folk frå heile landet velkomne på fisketur til Jølster i sommar. Dette opplyser leiar i arrangementskomiteen for Jølster Aurefest, Finn Årdal.
Kartet gjev informasjon om kvar fiskeplassane er, kor ein kan parkere, og litt om kor god fiskeplass dette er. Kartet er laga av Jølster Aurefest i samarbeid med reklamebyrået Rein Design AS og lokalkjende fiskarar i heile Jølster. Det innheld ca 75 av dei beste fiskeplassane rundt vatnet, i elvar og fjellvatn. Kartet er finansiert med midlar frå fiskefonda i Jølster kommune, reiselivsmidlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og tilskot frå dei ulike fiskesonene i Jølster Jakt og Fiskelag.

Kartet ligg på nettsida til Jølster Aurefest, og vil verte utvikla vidare med meir informasjon om kvar fiskeplass, og også fleire fiskeplassar etterkvart som det kjem inn respons på kartet.
– Jølstravatnet er ca 3 mil langt, og tilsaman på begge sider av vatnet er det då minst 60.000 meter strandlinje. Det betyr at med to meter avstand mellom kvar person skulle det vere plass til 30.000 menneske samtidig, seier Finn Årdal med ein latter.
– I tillegg til over 50 fiskeplassar rundt vatnet er det merka av 8 fiskeplassar i fem fjellvatn, 10 fiskeplassar i elva frå Vassenden og sørvestover mot Førde, så her er verkeleg plass til mange, som samtidig lett kan overhalde smittevernreglane som vi reknar med kjem til å vare utover sommaren, seier Årdal.
Kartet skal utviklast vidare, og nye fiskeplassar skal komme til etterkvart.
Jølster er også kjend som brebygda med sitt naboskap til Jostedalsbreen. Bygda er også kjend som heimstaden til kunstnaren Nikolai Astrup, som er kinoaktuell i år med spelefilmen «Flammen over Jølster». Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet og er ope for besøkjande.
– I alle fall sluttar vi oss til dei mange oppmodingane om å ta Norgesferie i år. Då skulle Jølster vere ein særs veleigna stad. I tillegg til fiske i Jølstravatnet, i elva Jølstra, og i elvar og fjellvatn i heile onmrådet er det mange fine moglegheiter for opplevingar i Jølster og nærområdet, seier Årdal til slutt.

Om fiske i Jølster:
Jølstravatnet er legendarisk for sitt aurefiske, og vert rekna som det beste aurevatnet i Europa.

Sportsfiskarar frå heile landet og frå utlandet kjem på besøk for å oppleve eventyret. Fiskekortsalet har auka jamt og trutt dei siste åra, og det er eit betydeleg næringsfiske i vatnet. Mange drøymer om å få sjølvaste storauren. Og dei finns, kvart år vert det teke fisk på mange kilo. Beste matfisken er likevel ofte den under kiloet, som det finns rikeleg av og med god kvalitet.

Jølster Aurefest er eit godt høve til å ta del i spenninga. Over 1000 fiskarar deltek i den store fiskekonkurransen kvart år. Du er hjarteleg velkomen til Jølster.

Legg inn epostadressa di her for å bli varsla når påmeldinga opnar neste år.

Avlyst i 2020!

Det er trist å måtte melde at arrangementskomiteen for Jølster Aurefest på møte torsdag 16. april vedtok å avlyse Jølster Aurefest 2020. Bakrunnen er dei strenge restriksjonane som myndigheitene har innført for arrangement fram til og med 15.juni 2020.
Neste arrangement vert difor torsdag 10. – laurdag 12.juni 2021.

Eit godt nyhende oppi det heile:
Jølster Aurefest lanserer samtidig med avlysinga eit nytt digitalt fiskekart for heile Jølster.
Så meir i saka til høgre på sida her, og menyknappen «Fiskekart»

Jølster Aurefest 2021 vert arrangert etter malen frå 2019, og sjølv om detaljane i programmet sjølvsagt ikkje er klare er dette malen:

I 2019 vart vi festival. Vi utvida vi festen til å innehalde to heile nye fiskedagar på torsdag og fredag, med konkurransar og gode premiar. Dette held vi fram med i 2021.
Hovudkonkurransen på laurdagen med ein bil i premie held fram som før.

Nyhende frå 2021:
Ta med deg slekt og/eller vener og melde på lag på Jølster Aurefest
Det blir ein lagkonkurranse pr.fiskedag, dvs ein konkurranse torsdag, ein fredag, og ein laurdag. Premiar kvar dag, men laurdag etter endt konkurranse kårar vi det beste laget i løpet av dei tre dagane, som vinn ein hovudpremie.
Kvart lag kan bestå av inntil 5 fiskarar, og kvar av dei fem må vere påmelde i den ordinære konkurransen den dagen, eller ha festivalpass. Laget kan ha færre enn fem fiskarar.
Etter innveging i den ordinære konkurransen vel laget ut inntil fem fiskar som dei leverer til måling. Det laget som har lengst total lengde på sine innleverte, maksimalt fem fiskar, vinn konkurransen.
Laget melder seg på med eit lagnamn, og melder inn kven som deltek på laget.
Pris: Kr.500.- pr lag, pr dag.
Sjå på menyknapp program, og påmelding, der du også finn konkurransereglane.
Hovudkonkurransen på laurdag, med ein bil som hovudpremie, er slik den alltid har vore.

Vinnarane i 2019

Bilvinnar 2019: Paul Nygård, frå Kandalen i Gloppen kommune vann ein Volvo XC40, verdt 470.000 kroner, levert av Frydenbø Førde. Med sin fisk på 516 gram var han eitt gram under den trekte vekta på 517 gram.
Idealvekta vart trekt på eit spesiallaga lykkhjul framfor 1500 publikum.

Næst nermast, med ein fisk på 508 gram var Merete Gryttingslien, som vann andrepremien, ein båt merke Suva 465, med el motor, verdt 20.000.-, levert av Dørskeland Marine

Tredje nermast var Tor Ivar Amundsen, med ein fisk på 529 gram, som vann eit Aurefest-smykke, designa av Øvrebø smykkeverkstad, verdi 1.300.-

Tilsaman var det 1407 deltakarar i løpet av dei tre konkurransedagane.

Tyngste fisk laurdag, og 10.000 kroner, vart vunnen av Laila Anita Ramstad, med ein fisk på 1379 gram.
Tyngste fredag, 10.000 kroner, Lars Johannessen, 1653 gram(bildet). Dette er også den tyngste nokon gong på Jølster Aurefest.
Tyngste torsdag, Yngve Bryn, 1280 gram. I løpet av dei tre dagane var det fire fisk over kiloen!
Nærast idealvekt torsdag og fredag, og 20.000 kroner til kvar, Anders Kolstad og Roger Hollevik.
Tyngste fisk i bedriftsklassen laurdag, og vinnar av vandrepremien for eit år, Tom Årdal, 686 gram, han fiska for Åsen og Øvrelid AS.
Laurdag vart også trekt tre heldige deltakarar som fekk hhv 10 – 5 – og 5.000 kroner. Desse var: Ole Eide, Frode Heggheim og Ida Petrin Heggheim.