Om Jølster

Jølster ligg midt i Sogn og Fjordane og har to tettstadar; Vassenden og Skei. Vassenden ligg to mil frå Førde, og to mil til så er du komen til Skei der hovudkonkurransen i Jølster Aurefest føregår. Her har du eit fint utgangspunkt for å oppleve dei tre regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Jølster er bygda under Jostedalsbreen. Jølster er målaren Nikolai Astrup si heimbygd. Jølster er fiske og friluftsliv. Det tre mil lange Jølstravatnet er Nord-Europas beste vatn for fiske etter aure. Eller ørret som det heiter på bokmål. 18 tonn aure vart fiska her i 2013.

Her kan du utforske Jølster på nett:
Visit Fjordkysten & Sunnfjord – Aktivitetar og reise i Sunnfjord
Jølster Jakt og Fiskelag – Kjøp fiskekort, informasjon om fiske
Explore Sunnfjord
Astruptunet
Eikaasgalleriet
Jølster Skisenter
Sunnfjord Golfklubb
Jølster Rafting
Bre og fjell – brevandring på Haugabreen
Jølster Design
Overnatting i Jølster
Overnatting Skei Servicesenter
Jølstramuseet – Privat museum
Norsk Fiskesenter – Fisketurar med guide