Resultatliste 2019

Til saman var det 1407 deltakarar i løpet av dei tre konkurransedagane.

Paul Nygård, frå Kandalen i Gloppen kommune vann ein Volvo XC40, verdt 470.000 kroner, levert av Frydenbø Førde.

Med sin fisk på 516 gram var han eitt gram under den trekte vekta på 517 gram.
Idealvekta vart trekt på eit spesiallaga lykkehjul framfor 1500 publikum.

Næst nermast, med ein fisk på 508 gram var Merete Gryttingslien, som vann andrepremien, ein båt merke Suva 465, med el motor, verdt 20.000.-, levert av Dørskeland Marine

Tredje nermast var Tor Ivar Amundsen, med ein fisk på 529 gram, som vann eit Aurefest-smykke, designa av Øvrebø smykkeverkstad, verdi 1.300.-

Tyngste fisk

I løpet av dei tre dagane var det fire fisk over kiloen.

  • Laurdag fiska Laila Anita Ramstad ein fisk på 1379 gram, og vant 10.000kr.

  • Fredag, fiska Lars Johannessen ein fisk på 1653 gram, Dette er den tyngste fisken nokon gong på Jølster Aurefest, han vant 10.000kr.

  • Torsdag, Yngve Bryn, 1280 gram.

Tyngste fisk i bedriftsklassen laurdag, og vinnar av vandrepremien for eit år, Tom Årdal, 686 gram, han fiska for Åsen og Øvrelid AS.

Idealvekt og trekning

Nærast idealvekt torsdag og fredag, og 20.000 kroner til kvar, Anders Kolstad og Roger Hollevik.
Laurdag vart også trekt tre heldige deltakarar som fekk hhv 10 – 5 – og 5.000 kroner. Desse var: Ole Eide, Frode Heggheim og Ida Petrin Heggheim.