Premiar

Konkurranseregler kan du lese her.

Hovedkonkurransen - laurdag 13. juni 2026

Hovudpremien - idealvekt

Volvo EX30 Cross Country
Twin Motor AWD, 428hk.

I hovudkonkurransen 13. juni 2026 er fiskaren som har ein fisk nærmast idealvekta som trekkast på lykkehjulet som får med seg bilen heim igjen. 

Bilen er til ein verdi av om lag kr 500.000 og er levert av Frydenbø Sogn og Fjordane.

Volvo EX30 Cross Country bygger på den vellukka EX30-plattformen, med utstyr og funksjonar som gjer at den taklar tøffare terreng. Leverast med Twin Motor Performance med ei rekkevidde på opptil 427 km.

Årets Rugg - kr 15.000,-

Den tyngste fisken på laurdag.

Årets Gla’Aure - kr 20.000,-

Trekker heldig vinnar blant alle deltakarar på Jølster Aurefest. Vinnaren må vere tilstades under trekninga for å motta premien.

Årets Napp - kr 10.000,-

Trekningspremie til deltakar som ikkje har fått fisk.

Beste lag - kr 5.000,-
Konkurrerer også om “Årets Stim”.

Årets Yngel - kr 20.000,- (10 premiar á kr 2.000)

Trekkast 10 heldige under 18år som vinner kr 2.000,- kvar.

Årets Stim - festivalpass til neste års festival til laget.
Premie til laget som har høgst dagsvekt (torsdag, fredag, laurdag) under årets festival.

Årets Bedrift

Premien er ein «vandrefisk», som må vinnast tre gonger av ei bedrift for å få den til odel og eige. Vandrefisken er ein kopi av største fisken fanga i Jølstravatnet som vi veit om. Den vart teken på garn av Anders Ripe, 10. oktober 1973. Vekt: 15,5 kg. Kopien er laga av Vidar Djupvik i Vestnorsk Trofe-Montasje.

Konkurransen Fredag 12. juni 2026

Tyngste fisk - kr 15.000,-

Idealvekt - kr 25.000,-

Beste lag - kr 2.500,- (lagspremie)
Lagkonkurransen torsdag og fredag konkurrer også om premien “Årets Stim”.

Konkurransen Torsdag 11. juni 2026

Tyngste fisk - kr 15.000,-

Idealvekt - kr 25.000,-

Beste lag - kr 2.500,- (lagspremie)
Lagkonkurransen torsdag og fredag konkurrer også om premien “Årets Stim”.

Påmelding

Sponsorar 2025