Fredag 12. juni:

Kl.18:00
For barn:
Fiskeaktivitet og grilling for born i Årdalsdalen. I gapahuken ved vatnet. Arrangørar er Barnas Turlag og Jølster Jeger og Fiskeforening

Om kvelden på Jølstramuseet:
«Vi viser deg dei beste fiskeplassane»
Norsk Fiskesenter legg opp til ei samling i Jølstramuseet fredag kveld, der Eivind Fossheim vil orientere om dei beste fiskeplassane og den mest effektive fiskemetoden ved ulike vatn- og temperaturtilhøve.

Heile kvelden på Thon Hotel Jølster:
Fredagen på hotellet kjem til å ha fokus på villmark og friluftsopplevingar i tillegg til aure som råvare og mat i naturen.

Terje Sporsem:
Konferansier gjennom heile festivalen. Han er ein av landets fremste komikarar og har gjort stor suksess både på scene og skjerm dei siste åra.

Børge Ousland:
Foredrag med ein av Norges mest kjende polfararar gjennom tidene, Børge Ousland, skal i sitt foredrag ta oss med på nokre av sine opplevingar i polområde og i villmarka gjennom dei siste 25 åra.

Ole Martin Alfsen og Terje Sporsheim:
Eit villmarks-kulinarisk talkshow. Korleis ete enkel, men bra mat på tur? Kva et ein når ein ikkje har tilgang til råvarer, og kva er den beste oppskrifta med aure som råvare?

Med utgangspunkt i dette skal Terje Sporsem leie oss gjennom eit interessant og morosamt talkshow med mat-og turglade gjester.

I panelet sit m.a. Ole Martin Alfsen, ein av Norges mest profilerte kokkestjerner. Ma kjend som ekspertkommentator i «4-stjerners middag» på TVNorge. Han er vår festival-kokk, og Ole Martin sin signatur vil vere på både mat og drikke under årets Aurefest.

Børge Ousland: Få har vel meir erfaring enn Børge Ousland i korleis ein skal lage mat ute i naturen, og ikkje minst korleis ein kan lage god mat av få og enkle ingrediensar. Kanskje har han også ein favorittmåte å tilberede aure på som han deler med oss?

Carina Dahl: Siste deltakar overraska mange med sine matkunnskapar då ho var ein av 3 som kom til finalesendinga av Masterchef, nemleg Carina Dahl. Ho har vore med fleire gongar i Melodi Grand Prix og har gjeve ut fleire låtar og album med stor suksess.
Masterchef-duell

Kven lagar den beste aure-retten under press? Vinnar av Masterchef, Terje Sporsem, har teke imot utfordringa frå medfinalist Carina Dahl og er klar til matduell. Under kyndig leiing av Ole Martin Alfsen skal publikum bli vitne til ein fartsfylt og vill kokkekamp der det er ein ting som gjeld;

Å lage den beste retten! Ole Martin vil også vise korleis ein kan lage dei beste rettar med aure som råvare.

Vidar Johnsen:
Intimkonsert. «Ei muskalsk oppleving» er vel den beste måten å karakterisere ein konsert med Vidar Johnsen på. I år feirar han 30 år som artist og vil presentere ein varm miks av kjende VAMP- og Johnsen & Nordberg – slagarar, og sjølvsagt låtar frå hans til no siste album, «Galskapens Land».

 

Laurdag 13. juni:
08:30 Sekretariatet opnar i teltet framfor Thon Hotel Jølster

Heile dagen: Aktivitetar, stands og folkeliv.

12:00 – 15:00 Den store fiskekonkurransen med ein bil i premie.

12:00             Skei skulemusikk spelar oss i gang !

13:00 – 14:00 Kongleriket til Sparbanken Sogn og Fjordane arrangerer kastekonkurranse for barn. Framfor Thon Hotel Jølster. Påmelding frå kl. 12:00 – 13:00.

Kvelden på Thon Hotel Jølster:
Carina Dahl Trio «After-fishing» – Etter sjølve fiskekonkurransen på laurdag 13. juni, vert det musikk, prisutdelingar og moro. Det vert DJ, vinnarar vert kåra og Terje Sporsem lagar moro. Det er duka for en herleg ettermiddag i aurens teikn.

DDE:
Folkefest med DDE. Laurdagskvelden 13. juni vert det stordans og folkefest med Bjarne Brøndbo og dei andre karane i DDE i festivalteltet ved hotellet.
Ein presentasjon nærare presentasjon av desse artistene er eigentleg heilt unødvendig. Få band er vel meir synonymt med fest enn DDE!
Kjøp billett til DDE her

* med atterhald om endring i programmet.