Det er eit stykke ut på kvelden laurdag 14. juni. Det er nokre timar sidan ei dynamittsalve markerte slutten på fiskekonkurransen i Jølstravatnet. Eit stort telt på 10 x 40 meter er satt opp som ei forlenging av Skei Hotell bortover mot vatnet. Her er det rigga scene til dei flotte artistane som skal opptre om kvelden, og som vert overført via tv til dei andre salane på hotellet.

Ved scena inne i det store teltet på Skei Hotel står hovudpremien, ein Volvo XC70, utstilt og vakkert lyssett. Konferansieren går på scena: ”Vi er komne til høgdepunktet på Jølster Aurefest 2014. Vi skal kjentgjere vinnaren av hovudpremien, ein Volvo XC70, levert av Frydenbø Førde.
Vinnaren er………………..”

Det kan vere ditt namn som så vert oppropt. Det du treng gjere for å komme dit er å melde deg på i konkurransen. Dernest må du fiske. Frå kl.12 – 15 laurdag 14. juni 2014. Det er då det skal avgjerast. Det er sett ei grense på 1000 deltakarar. (Pluss tre æresfiskarar). Minst 100 kontrollørar passar på at alt går rett føre seg. Den som fiskar høgst vekt samanlagt på sine fiskar, vert vinnaren.

Bilen, ein Volvo XC70, slik den vert levert av Frydenbø Førde, har ein verdi med alt ekstrautstyr på kr 621.000,- Her kan du sjå meir om Volvo XC70

Sjå også: Informasjon til deltakarane