Pris for deltaking: kr 500,- pr person.
Pris ved påmelding frå og med 1. juni og seinare kr 700,-
(I tillegg evt. gebyr/billettavgift)

NB! Ny tid for konkurransestart er i år kl. 11:00
Fiskekonkurransen med ein bil i premie er altså laurdag 10. juni, kl.11:00 – 14:00.

Påmeldinga på nettsida her stenger onsdag 7. juni 2017 kl. 23.59. Etter det er det framleis mogleg å melde seg på i sekretariatet på Skei i opningstida (sjå opningstid lenger nede), dersom det er plassar igjen. Når du melder deg på godtek du også at vi kan få legge namnet ditt ut på nettsida vår.

Til bedrifter:
Vi tilbyr verksemder rabattert pris gjennom desse tilboda:
Pakke 1: Deltaking fiskekonkurranse laurdag, fest på Thon Hotel Jølster laurdag kveld kr 850,-
Pakke 2: Fest på Thon Hotel Jølster laurdag kveld kr 450,-
Pakke 3: Deltaking fiskekonkurranse laurdag kr 500,-

For desse pakkane, kontakt Jølster aurefest sin seljar:
Paul Mikalsen – paul@mikalsen.no – tlf: 990 91 653

For desse tilboda og spesialsydde pakkar for bedrifter kontakt:
Sindre Saue Årdal
Hotelldirektør / General Manager
Thon Hotel Jølster
Tlf: +47 57 72 78 22  Mob: +47 95 97 24 36
sindre.aardal@thonhotels.no

Hovudkonkurranse: Kom nærast mogleg ei førehandstrekt idealvekt og vinn ein bil levert av Frydenbø Førde.

Deltakarane konkurerer om å komme nærast mogleg ei på førehand trekt idealvekt, som ligg mellom 100 – 699 gram på ein fisk. Dersom to er like nær vert det trekt kven som er vinnaren.

Alle må sjekke inn i sekretariatet før konkurransen. Du kan få nokon andre til å sjekke deg inn. NB! Ta vare på startnummeret ditt. Det treng du ved innveging av fisken.

Sekretariatet er ope:
Fredag 9. juni kl 17:00 til 19:00.
Laurdag 10. juni kl 08:00 til 11:00.

Deltakaren kan levere i alt tre fiskar i denne konkurransen. Desse skal leverast personleg av fiskaren i innveginga for konkurransen. NB! Husk deltakarnummeret ditt. Dette får du når du sjekkar inn i skeretariatet framfor Thon Hotel Jølster når det er ope. Kun ei stang, og eit agn pr. deltakar. Med agn meinast sluk, makk, flue osv. Deltakaren kan byte stang, evt agn, i løpet av konkurransen. Kun fiske frå land, ikkje frå båt.

Det vert premiar til dei tre beste, og i tillegg vert det trekt premiar på deltakarane.

Premiering:

  1. Volvo V40 Cross Country, verdi kr 371.000,- levert av Frydenbø Førde.
  2. Båt, Øien 460-1, verdi kr 32.500,- levert av Døskeland Marine.
  3. Robotgrasklippar, Robomow Pro, verdi kr 7.990,- levert av Felleskjøpet.

Til uttrekning på deltakarane, fiskeutstyr levert av Erdal Sport.

Også konkurranse om tyngste fisk

I tillegg hovudkonkurransen er kvar deltakar med i konkurransen om tyngste fisk. Den tyngste av dei tre du veg inn deltek i denne. Premien her er kr 10.000,-

Beste bedrift

Vi ynskjer å kåre beste «fiskebedrift». Deltakarar som er påmeldt via ei bedrift deltek i den ordinære konkurransen, men i tillegg vil vi heidre den bedrifta som som har den tilsette som har levert den tyngste fisken.(Ikkje deltakarkort som er lodda ut til kundar).
Premeien er ein «vandrefisk», som må vinnast tre gonger av ei bedrift for å få den til odel og eige. Vandrefisken er ein kopi av største fisken fanga i Jølstravatnet som vi veit om. Den vart teken på garn av Anders Ripe, 10. oktober 1973.Vekt: 15,5 kg. Kopien er laga av Vidar Djupvik i Vestnorsk Trofe-Montasje.

Uttrekkspremie for dei under 18 år

Vi ynskjer barn og unge velkomne til å delta i konkurransen. I tillegg til å delta sammen med alle andre vert det trekt eigne premiar for dei som er under 18 (fødde 2000 eller seinare). Premiane for denne aldersgruppa spesielt vert utdelt på Etter-fisking som startar kl.15:00 framfor hotellet.

Stå i lag med andre, og fisk der du vil

Vi ønskjer at Jølster Aurefest skal vere spennande og sosialt. Difor kan du velgje kvar du vil stå å fiske i heile Jølstravatnet. Det betyr også at du kan stå ilag med andre, vener, familie eller kollegaer frå verksemda di.

Premieutdeling ved Thon Hotel Jølster om kvelden

I 2017 vert premieutdelinga kl.17:00 framfor Thon Hotel Jølster. Ope for alle og med litt underhaldning.

Jury

Juryen for konkurransen er: Finn Årdal, leiar, Tom Farsund og Øyvind Årdal. Juryen sine avgjerder er endelege og kan ikkje påklagast.