Konkurransereglar

 

Pris for deltaking: kr 500,- pr person.
Pris ved påmelding frå og med 1. juni og seinare kr 700,-
(I tillegg evt. gebyr/billettavgift)

NB! Konkurransestart kl. 11:00
Fiskekonkurransen med ein bil i premie er altså laurdag 9. juni, kl. 11:00 – 14:00.

Påmeldinga på nettsida her stenger onsdag 6. juni 2018 kl. 23.59. Etter det er det framleis mogleg å melde seg på i sekretariatet på Skei i opningstida (sjå opningstid lenger nede), dersom det er plassar igjen. Når du melder deg på godtek du også at vi kan få legge namnet ditt ut på nettsida vår.

Til bedrifter:

 

For tilbod og spesialsydde pakkar for bedrifter kontakt:
Sindre Saue Årdal
Hotelldirektør / General Manager
Thon Hotel Jølster
Tlf: +47 57 72 78 22  Mob: +47 95 97 24 36
sindre.aardal@thonhotels.no

http://jolsteraurefest.no/wp-content/uploads/sites/24/2018/02/Bilen-2018.jpg

Hovudkonkurranse: Kom nærast mogleg ei trekt vekt og vinn ein bil

Deltakarane konkurerer om å komme nærast mogleg ei trekt vekt, som ligg mellom 100 – 699 gram på ein fisk. Dersom to er like nær vert det trekt kven som er vinnaren.(Dette betyr at den vekta det er om å gjere å komme nærast ligg mellom 100 og 699 gram. Men husk at om du får ein fisk som veg under, eller over denne vektsona kan du framleis komme nærast. Døme: Dersom vekta vi trekkjer, som det er om å gjere å komme nermast, er akkurat 100 gram, og du får ein fisk på 99 gram vil jo  sjangsen din vere bra!)

Alle må sjekke inn i sekretariatet før konkurransen. Du kan få nokon andre til å sjekke deg inn. NB! Ta vare på startnummeret ditt. Det treng du ved innveging av fisken.

Sekretariatet er ope:
Fredag 8. juni kl 17:00 til 19:00.
Laurdag 9. juni kl 08:00 til 11:00.
Innveging: Frå kl.13:30 til kl.15:30

Deltakaren kan levere i alt tre fiskar i denne konkurransen. Desse skal leverast personleg av fiskaren i innveginga for konkurransen. NB! Husk deltakarnummeret ditt. Dette får du når du sjekkar inn i sekretariatet framfor Thon Hotel Jølster når det er ope. Kun ei stang, og eit agn pr. deltakar. Med agn meinast sluk, makk, flue osv. Deltakaren kan byte stang, evt agn, i løpet av konkurransen. Kun fiske frå land, ikkje frå båt.

Det vert premiar til dei tre beste, og i tillegg vert det trekt premiar på deltakarane.

Premiering: Sjå menyknapp premiar

Også konkurranse om tyngste fisk

I tillegg hovudkonkurransen er kvar deltakar med i konkurransen om tyngste fisk. Den tyngste av dei tre du veg inn deltek i denne. Premien her er kr 10.000,-

Beste bedrift

Vi ynskjer å kåre beste «fiskebedrift». Deltakarar som er påmeldt via ei bedrift deltek i den ordinære konkurransen, men i tillegg vil vi heidre den bedrifta som som har den tilsette som har levert den tyngste fisken.(Ikkje deltakarkort som er lodda ut til kundar).
Premeien er ein «vandrefisk», som må vinnast tre gonger av ei bedrift for å få den til odel og eige. Vandrefisken er ein kopi av største fisken fanga i Jølstravatnet som vi veit om. Den vart teken på garn av Anders Ripe, 10. oktober 1973.Vekt: 15,5 kg. Kopien er laga av Vidar Djupvik i Vestnorsk Trofe-Montasje.

Uttrekkspremie for dei under 18 år

Vi ynskjer barn og unge velkomne til å delta i konkurransen. I tillegg til å delta sammen med alle andre vert det trekt eigne premiar for dei som er under 18.

Stå i lag med andre, og fisk der du vil

Vi ønskjer at Jølster Aurefest skal vere spennande og sosialt. Difor kan du velgje kvar du vil stå å fiske i heile Jølstravatnet. Det betyr også at du kan stå ilag med andre, vener, familie eller kollegaer frå verksemda di.

Premieutdeling ved Thon Hotel Jølster kl.17:00

I år vert premieutdelinga kl.17:00 på Thon Hotel Jølster. Ope for alle og med litt underhaldning.

Jury

Juryen for konkurransen er: Finn Årdal, leiar, Tom Farsund og Vidar Halland. Juryen sine avgjerder er endelege og kan ikkje påklagast.

Personvern

Sjå vår personvernerklæring.