Historia

Jølster Aurefest i moderne drakt har vore arrangert kvart år sidan 2014.

Inspirasjonen vår, og bakgrunn for arrangementet går heilt tilbake til Fiskekonkurransen i 1958.

«I tillegg til 1000 fiskarar var her fleire tusen tilskodarar, 5-6000 alt i alt, trur ein, så verken før eller seinare har så mykje folk vore samla i Jølster. Folk gjekk som sild i tønne i sentrum på Skei denne dagen». Slik skriv Jarle Helgheim om den spektakulære fiskekonkurransen i Jølster i 1958, der hovudpremien var ein bil. Premien var ein IFA P-70. Dette var fleire år før bilrasjoneringa vart oppheva i Norge, og det var framsynte folk som sette i gang med arrangementet.

Les meir og sjå bilete her:

Jølster fiskekonkurranse 1958-1

Her kan du også lese Jarle Helgheim sitt fyldige skrift om hendinga. Jarle sitt skriftstykkje er blitt utfyllt og nyansert gjennom diskusjonar og innlegg på facebook-sida vår.

 

Norges beste fiskevatn

Jølstravatnet er Noregs rikaste aurevatn. Årleg blir det fiska opp mellom 12-18 tonn med Jølstraaure. Mange turistar, både norske og utanlandske, kjem til Jølster for å prøve fiskelukka. Det er også eit stort næringsfiske i vatnet og mykje av fisken vert foredla til rakaure og seldt i gourmetbutikkar og restaurantar i Noreg.

Dei største fiskane vi veit om som er fiska i Jølster er på stang 12,1 kilo. Denne vart fiska av Sverre Amundsen i påska 1996. Anders Ripe fekk ein sværing på 15,5 kilo på garn 10.oktober 1973.