
11 - 13. juni 2026
11 - 13. juni 2026
11. - 13. juni 2026 arrangerast fiskekonkurransen i Jølster. I Jølstravatnet, nord-europas beste aurevatn, blir det fiska 12-18 tonn med Jølstraaure kvart år.
Jølster Aurefest
I moderne drakt har Jølster Aurefest vore arrangert sidan 2014. Familiefestivalen samlar omlag 2000 fiskarar frå heile Noreg til Jølster i juni. I fiskekonkurransen er det utrulege premiar!
Konkurransen er for alle – sportsfiskarar og amatørar, i alle aldrar.
Konkurransar
-
Den tyngste fisken innvegd den dagen.
Konkurransereglar finn du her
-
Deltakarane konkurrerer om å komme nærast mogleg idealvekta, som ligg mellom 100 – 699 gram. Vi trekker idealvekta på lukkehjulet etter innveginga.
-
Inntil 5 deltakarar på kvart lag, som må vere deltakarar i den ordinære konkurransen den dagen, eller ha festivalpass.
-
Laurdag har vi tre trekningspremiar, der vi tilfeldig trekker ein vinnar blant ulike kategoriar.
“Årets napp”: Trekkast blant deltakarar som ikkje har fått fisk under konkurransen. Ein kan vere heldig sjølv om ein ikkje har fått fisk!
“Årets yngling”: Trekkast blant alle deltakarar under 18 år. I år trekker vi 10 vinnarar i denne kategorien.“Årets gla’aure”: Trekkast blant alle deltakarar på heile Jølster Aurefest. NB! Du må tilstades på Skei under trekninga for å kunne vinne denne premien.
Konkurransereglar finn du her
-
11. - 13. juni 2026
- 11. - 13. juni 2026
Sponsorar 2025























