11 - 13. juni 2026

11 - 13. juni 2026

11. - 13. juni 2026 arrangerast fiskekonkurransen i Jølster. I Jølstravatnet, nord-europas beste aurevatn, blir det fiska 12-18 tonn med Jølstraaure kvart år.

Jølster Aurefest

I moderne drakt har Jølster Aurefest vore arrangert sidan 2014. Familiefestivalen samlar omlag 2000 fiskarar frå heile Noreg til Jølster i juni. I fiskekonkurransen er det utrulege premiar!

Konkurransen er for alle – sportsfiskarar og amatørar, i alle aldrar.


Konkurransar

  • Den tyngste fisken innvegd den dagen.

    Konkurransereglar finn du her

  • Deltakarane konkurrerer om å komme nærast mogleg idealvekta, som ligg mellom 100 – 699 gram. Vi trekker idealvekta på lukkehjulet etter innveginga.

  • Inntil 5 deltakarar på kvart lag, som må vere deltakarar i den ordinære konkurransen den dagen, eller ha festivalpass.

  • Laurdag har vi tre trekningspremiar, der vi tilfeldig trekker ein vinnar blant ulike kategoriar. 

    “Årets napp”: Trekkast blant deltakarar som ikkje har fått fisk under konkurransen. Ein kan vere heldig sjølv om ein ikkje har fått fisk!

    “Årets yngling”: Trekkast blant alle deltakarar under 18 år. I år trekker vi 10 vinnarar i denne kategorien.

    “Årets gla’aure”: Trekkast blant alle deltakarar på heile Jølster Aurefest. NB! Du må tilstades på Skei under trekninga for å kunne vinne denne premien. 

    Konkurransereglar finn du her

-

11. - 13. juni 2026

- 11. - 13. juni 2026

Sponsorar 2025